Linda Eide - Muffens i posen
Muffens i posen
– Ein nokså latterleg norsktime
Linda Eide gyv laus på det fascinerande, fantastiske og ytterst irriterande fenomenet som omgir oss tjuefiresju: Språket!
Kva ler me av? Kva blir me forbanna av? Kva har me null kontroll med?
Linda Eide har jobba som journalist og programleiar i NRK radio og fjernsyn i ein kvinnealder. Ho har også skrive bøker og sceneframsyningar. Sidan 2017 har ho fronta programmet Eides språksjov, og gjort språkopplæring til laurdagsunderhalding i beste sendetid på NRK.
Linda Eide har mottatt ei rekkje prisar for sitt formidlingsarbeid, som: Gullruten, Gullparaplyen, Kulturdepartementets nynorskpris, Riksmålsforbundets språkgledepris, Christieprisen, Melsomprisen, Målprisen, og i 2019 gav Hordaland fylkeskommune ho tittelen Årets Hordalending.