Jula er ein skandale før den har begynt.

Jon Hjørnevik med Dagfinn Iversen kjem nemleg dessverre tilbake med Dikt Live. Lille Ole Bull

Sjuke dikt. Grumsete humor. Vestlandske absurditetar. Urbane skråblikk. Vakre gitartonar. Ullen song.  Og slikt. 

Forfattaren, komikar og diktar Jon Hjørnevik, pluss Dagfinn Iversen og gitaren hans, kjem dessverre til ein scene særs nær deg.  

Gjer deg klar for dikt om sløydlærarar som driv med seksualundervisning, solariumspoesi, kommunalerotikk, tronge shortsar, bussturar som endar i kloremerkjer på ryggen og mykje anna.

Så kjære deg, som kjøpte billett til Lille Ole Bull denne desemberkvelden.

Enten du likar det eller ikkje. 

Showet inneheld innslag av nynorsk. For dei som ikkje likar dikt er det ein del gitartonar frå Iversen å høyre på. Det er også lov å tvinga vener til å bli med på showet.