Bruce Springsteen’s ikoniske «Born To Run» - album fyller 50 år!

Det må sjølvsagt feirast, og «The Promise - a tribute to Springsteen» og Ole Bull Scene tek nok ein gong på seg ansvaret som partyfixers - albumet skal spelast frå start til slutt! Med noget attåt, sjølvsagt..

I 1975 hadde Bruce Springsteen kniven på strupen – etter 2 kritikerroste album som ikkje hadde solgt nok, måtte han levere anstendige salstal på sitt tredje album for å ikkje miste kontrakten med CBS. Oppgåva vart tatt på djupaste alvor, og heilt frå 8.Januar 1974 fram til 20.juli 1975 eksisterar det spor av studioarbeid, og Bruce dreiv seg sjølv og E-Street Band til vanvidd med heilt ekstreme recording sessions. For eksempel låste Bruce seg sjølv og Clarence Clemons inn på eit rom i 16 timar for å lande sax-soloen på «Jungleland» note for note. Utan pause.
Springsteen var livredd for resultatet, og kasta det fyrste eksemplaret av den mastrede versjonen i eit basseng. Manager Jon Landau klarte heldigvis å overbevise han om at det var godt nok, det var på tide å sleppe dyret laus. Og så skjedde 23.august 1975. Bruce har seinare uttalt at plata er så strukturert og detaljert samansatt at den er «built like a tank».

Kom på Ole Bull Scene 25.august, og høyr «The Promise» framføre meisterverket. Det kjem til å bli nok ein magisk kveld!